Me startar opp kurs og aktivitetar allereie frå 17. august med blant anna aquagym, babysymjing og startkurs for treningsivrig ungdom; Gymlappen!
Oppstart veke 33
Påmelding til alle kurs og treningar, gjer du ved å sende ein e-post til dag@hardangerbadet.no
Kurs
Alle kurs varar i 8 veker. Pris kr 1850,-
Babysymjing
– 3–8 mnd: torsdagar kl 11:00
– 7–12 md: torsdagar kl 11:45
Trygg i vatn – les meir om kurset her
– Små born 1–4 år: tysdagar kl 17:00
– 4–7 år: tysdagar kl 18:00
– 7–10 år: tysdagar kl 19:00
– 10–15 år: om interesse
– Vaksne 15+: om interesse
Symjedyktig – for born som vil ta badelappen, bli symjedyktig.
Mål: kompetansekrava for 10-åringar. Må vere trygg i vatn.
– 9–15 år: om interesse
Trening
Alle treningane går kontinuerleg
Aquagym – les mer om treninga her
– For alle: onsdagar kl 07:30 og kl 08:30
Lett sveitt – les meir om treninga her
– For alle/nybegynnarar: onsdagar kl 13:00
TerapiTrening
– Rehabilitering: torsdagar kl 15:00
Fritidskortet
Medlemskap i 4 mnd – alder 13–18 år – gjeld frå registreringsdato
– bading: kr 1200,-
– trening: kr 1000,-
– kombi bading og trening: kr 2000,-
Gymlappen – oppstart i august
13–15 år: kr 1500,-
Grunnkurs i styrketrening – oppstart i august
– Alle 15+: kr 800,-
Gymlappen – trening frå du er 13 år!
Me ynskjer at ungdomen i Kvam skal få trena på gymmen hjå oss frå dei fyller 13 år. Det er viktig å ha eit sunt og trygt forhold til trening, og me tilbyr difor ungdom i aldersgruppa 13-15 år eit obligatorisk treningskurs; Gymlappen. Kurset kostar 1500 kr, går over 4 gongar og må fullførast før ein startar å trene på eigenhand.
Kurset blir leia av treningspedagog som gir ungdomen ein god introduksjon til trening på treningssenter. Det vert fokus på alt frå trivselsreglar, kosthald og haldningar, til teknikk, treningsmetodar og program. Alle får sitt eige treningsprogram i etterkant av kurset. Det er viktig for oss at ungdomane og foreldra skal kjenne seg trygge, så føresette vert inviterte til delar av kursforløpet.
Kursstart veke 34. Dag og klokkeslett kjem. For påmelding og meir informasjon, send e-post til dag@hardangerbadet.no
Grunnkurs i styrketrening (2 timar)
For alle frå 15 år.
Dette kurset passar for deg som er nybegynnar, har trent litt og vil lære meir, eller for deg som ynskjer å trene meir effektivt.
Innhald:
Teoridel: korleis setje opp ditt eige treningsprogram. Me går gjennom reps, sett, pause, intensitet og periodisering. Kosthald og restitusjon.
Praksisdel: Lær deg knebøy, markløft, utfall, bulgarsk utfall, benkpress, stående roing og woodchop-øvelse. Du vil bli tilsendt ditt eige tilpassa treningsprogram etter kurset.
Kursstart veke 36. Dag og klokkeslett kjem. For påmelding og meir informasjon, send e-post til dag@hardangerbadet.no