Hardangerbadet Eigedom

Hardangerbadet er eit fyrtårnprosjekt med helsepark, bade- og symjeanlegg, hotell og visningssenter for laks, lokalisert i Øystese. Bygget vil husa eit mangfald av tenester fordelt over tre etasjar.

Leigetakarar:
Hardanger Akvasenter AS (Lingalaks AS)
Boots apotek Linnea, Øystese
Helse i Hardanger AS
Helsebanken legesenter ANS
Helsebanken fysioterapi AS
Øystese Tannklinikk
Kvam herad, helsestasjon

I 1. etasje finn ein:

  • Konkurransebasseng, 25 meter
  • Leik- og familiebasseng
  • Opplærings- og terapibasseng
  • Treningssenter
  • Kafeteria
  • Visningssenter for laks (Lingalaks)
  • Apotek
  • Fellesareal mot hotell – resepsjon – restaurant

I 2. etasje finn ein:

  • Helsebanken ANS
  • Øystese Tannklinikk
  • Helsebanken Fysioterapi AS
  • Helsestasjon Kvam herad

I 3. etasje finn ein Helse i Hardanger AS:

  • FoU (forsking og utvikling)
  • Ryggsenter – fysioterapi/kiropraktor
  • Spesialisttenester:
    • Ernæring
    • Diabetes
    • Hjarte og lunge
    • Psykolog
    • Trening
  • Test-laboratorium
  • Treningssalar

Verdiskaping i Hardangerbadet

Hardangerbadet vil skapa store verdiar for Kvam, Jondal og resten av Hardanger.

Verdi for Kvam, Jondal og resten av Hardanger:

  • Investering i Hardangerfjord hotell og Hardangerbadet – 235 millionar kroner eks. mva.
  • Topp moderne symjeanlegg som er ope heile året
  • Nytt symjetilbod til innbyggjarar, hyttefolk og andre besøkjande
  • Nye helsetilbod lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Attraktive helsearbeidsplassar med høg kompetanse
  • Sikrar 25 eksisterande og etablerar omlag 30 nye arbeidsplassar
  • Årlege ringverknader for lokalsamfunnet er rekna til 50 millionar kroner
  • Det vert meir attraktivt å bu og leva i Hardanger
  • Hardanger vert meir ettertrakta som reisemål

Verdi for Kvam herad:

  • Moderne anlegg for skulesymjing – jf. nye krav om symjeopplæring i skulen
  • Årleg auka eigedomsskatt
  • Årleg reduserte nettokostnader
  • Heradet sparar midlar sidan:
    • Rehabilitering av dagens anlegg vert dyr
    • Nytt kommunalt anlegg vil kosta vesentleg meir (jf. Voss)
    • Årlege kostnader vil vera monaleg mindre enn for eit reint kommunalt anlegg