Treningsleir i Hardangerbadet!

Ta med deg klubben din til oss og legg basen for grunntreninga, bygg lagkjensle eller spiss formen inn mot meisterskap.

Hjå oss ligg forholda til rette uansett kva mål de har for treningssamlinga dykkar.

I samarbeid med den gode naboen vår, Hardangerfjord Hotell, tilbyr me eit skreddarsydd opplegg til klubben din. Me har eit topp moderne symjeanlegg og eit nyoppussa hotell midt i vakre Øystese. Det vert ikkje meir effektiv logistikk når du ikkje eingong treng gå utandørs for å komme deg på trening.

Ta gjerne kontakt både med oss og hotellet om du lurar på noko. Velkomen!

Hardangerbadet

Hardangerfjord Hotell

Hotellet hadde en avslappet atmosfære og umiddelbar nærhet til svømmehall. Svømmehallen er opplyst og har et fint miljø. Gode treningsforhold for ungdommer i alderen 10 – 18 år. Hyggelig og imøtekommende personale begge plasser. God mat ble servert hele uken også. Totalt sett hadde vi i Øyane SK en meget bra høstleir hos Hardangerbadet og Hardangerfjord Hotell Fjordtind. Takker.

Ronny Roberts

HT, Øyane SK

Hardangerbadet – prisar 2024

Foto: Visit Hardangerfjord
Foto: Visit Hardangerfjord

Leige av heile bassenget: Kr 2400,- pr time

Leige av 3 banar i opningstid (ikkje alltid tilgjengeleg): Kr 1600,- pr. time.

Prisen inkluderer tilsynsvakt som syt for at de har det bra under opphaldet, samt reinhald.

Styrkerom:
Kr 50,- pr. person pr time, minimum 10 personar.

Idrettshall kan bookast ved førespurnad.

Frist for endring av bestilling: 14 dagar før ankomst.

 

Booking Hardangerbadet

Natalie Nisamjan
natalie@hardangerbadet.no

Tlf: 467 01 430

Foto: Visit Hardangerfjord

Hardangerfjord Hotel – prisar 2021

Hardangerfjord Hotell - Foto: Ruben Soltvedt

Enkeltrom: Kr 1 400,- pr natt

Dobbeltrom: Kr 2 145,- pr natt

Trippelrom: Kr 2 870,- pr natt 

4-mannsrom: Kr 3595,- pr natt
(OBS! dobbelseng og dobbel sovesofa 120 cm)

Mat som er inkludert:

  • Frukost
  • Enkel lunsj
  • Middag

Booking Hardangerfjord Hotel

Synne Gule
synne.gule@fjordtindhotels.no

Tlf: 56 55 63 00