Om bassenga og treningsromet

Opplæringsbasseng/terapibasseng:
Me har eit 12,5 m langt varmt basseng som har ein botn som kan hevast og senkast. Temperaturen i vatnet ligger på ca. 33 grader celsius. Det er tilkomst til bassenget via en heis. Bassenget egnar seg godt til symjeopplæring for born opp til skulealder, babysymjing og terapibading. Kan leigast på forespørsel. Ved interesse for leige ta kontakt her: post@hardangerbadet.no

Familiebasseng:
Her finn du ein plaskekulp med spruteleikar, ein grunn del med aukande djup botn og ein djupare del. I den djupe delen kan man klatre i ein klatrevegg og på baksida av veggen ligg det ein motstraumskanal. Vatnet i familiebassenget er 28 grader celsius.

Treningsbasseng:
Du kan symje 25 m i 6 banar. Den grunnaste delen av bassenget er 1,40 m, og den djupaste delen av bassenget er 3,80 m. Det er moglegheit for bruk av heis for enkelt tilgang for alle. Vatnet i treningsbassenget er på 28 grader celsius. Enkeltbanar eller heile bassenget leigast på forespørsel. Ved interesse for leige ta kontakt her: post@hardangerbadet.no

Stupetårn:
I den djupaste delen av treningsbassenget er det montert eit stupetårn. Her kan du hoppe og stupe frå 1 m og frå 3 m.

Rutsjebane:
Rutsjebanen startar på toppen av stupetårnet og endar i ein liten kulp ved familiebassenget. Her blir det fart og spenning.

Sauna:
Felles sauna med tilgang frå bassengområdet. Dusj i nær tilknyting.

Garderobar:
Dame- og herregarderobe, med alle fasilitetar. Begge garderobane har egne garderobar tilpassa personar med en funksjonsnedsettelse, og moglegheiter for å bruke familiegarderobar.

Treningsrom:
Treningsrommet er 130 kvadratmeter. Det innehelder variert utstyr for utholdenhets-, basis- og styrketrening.

Hardangerbadet

Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese

post@hardangerbadet.no

Tlf: 922 16 013