Det er trygt å bada
Hardangerbadet er ein trygg stad å møtast. Viruset me alle prøver å unngå, trivs ikkje i dei kjemikalie- og temperaturtilhøva me har. Me har strenge rutinar for reinhald i badet. Alle tilsette jobbar hardt for å halda garderobar og kontaktflatar reine for gjestane våre.
Tiltak i badet grunna korona
- Alle gjester skal desinfisera hender før dei kjem i resepsjonen og går i garderobane/kafeen/treningsrom.
- Alle badande må vaska kropp og hår med såpe utan badetøy både før og etter badet.
- Det vert lagt til rette for minimum 1 meter avstand med merking/skilting og stengte skap og dusjar.
- Ved plutselege symptom på luftvegsinfeksjon må person/personar forlata lokalet umiddelbart.
- Alle badande skal oppbevare alle personlege eigedelar i skapet sitt. Ingen skal ha med seg personlege eigedelar inn i badet.
- Under dusjing skal handkle m.m. ligga i plastpose i dei runde hyllene. Før inngang til bassenga skal alle eigedelar låsast inn i skap.
- Alle gjester i kafeen skal sprita/vaska hender før dei kjem inn i lokalet.
- Alle gjester desinfiserer alle overflater ein har teke på før ein forlet lokalet.
- Gjengløymte ting samlast opp i plastposar og vert kasta ved stenging.
- Badetida er maks 2 timar frå ein går inn til ein går ut vendekorset.
Generelle badereglar
- Følg alltid opplysningsskilt og badevertane sine rettleiingar.
- Du må vera minst 12 år og symjedyktig for å gå åleine i Hardangerbadet.
- Born under 12 år må ha fylgje med ein symjedyktig, badande person over 18 år.
- Ein symjedyktig vaksen (over 18 år) kan maksimalt ha med seg 3 born under 12 år.
- Rusa eller støyande personar og personar med opne sår, vert bortviste.
- All bruk av fotoapparat og mobilkamera er forbode i badeanlegget og dusj- og garderobeområda.
- Før du badar, må du vaska heile kroppen inkludert håret med såpe. Badetøyet skal vera reint og takast på etter kroppsvask.
- Det er ikkje tillate å bada med undertøy.
- Bleieborn skal bruka godkjent badebleie.
- Springing i våtsonene er ikkje tillate.
- Du må aldri trekka andre under vatn eller stupa/hoppa på andre.
- Stuping er kun tillate i treningsbassenget fra stupetårnet og på kortsida ved stupetårnet.
- Sklia kan kun nyttast av ein av gongen. Følg anvisingane og grønt lys.
- All bading er på eige ansvar.
- Slå alarm til badevertane om du oppdagar personar som treng hjelp.