Ta deg eit Hardangerbad!

Rutsjebane med fjordutsikt!
Fart og spenning frå toppen av stupetårnet.

Ta deg eit Hardangerbad!

Familiebasseng med klatrevegg og motstraumskanal.
Lat ungane plaska, klatra og symja mot straumen.

Ta deg eit Hardangerbad!

Terapi- og opplæringsbasseng
Fleksibelt basseng med ekstra varmt vatn. Egnar seg godt til symjeopplæring for born opp til skulealder, babysymjing og terapibading.

Ta deg eit Hardangerbad!

Stupetårn
Torer du å «dødse» ut i bassenget? Vel mellom einmeteren og tremeteren.

Ta deg eit Hardangerbad!

Treningsbasseng
Kor mange lengder klarar du før du lyt ta ein kvil på bassengkanten?

I Hardangerbadet kan du leika, ha det moro og trena, eller du kan ta ein kopp kaffi og prata med vener og kjende.

Opningstider

Ope 11:00–18:00 i helgar og feriar.

Klikk her for å sjå alle opningstider

Prisar

Einskildbillett born frå kr 105
Einskildbillett vaksen frå kr 145

Klikk her for å sjå alle prisar

Foto: Visit Hardangerfjord
Foto: Visit Hardangerfjord

Familiebassenget

Her finn du ein plaskekulp med spruteleiker, ein grunn del med aukande djup botn og ein djupare del. I den djupe delen kan ein klatre i ein klatrevegg. På baksida av veggen ligg det ein motstraumskanal. Vatnet i familiebassenget er 29 grader celsius.

Foto: Visit Hardangerfjord
Foto: Visit Hardangerfjord

Stupetårn og rutsjebane med fjordutsikt

I den djupaste delen av treningsbassenget finn ein stupetårnet. Her kan du hoppe og stupe frå 1 eller frå 3 meter. Rutsjebanen startar på toppen av stupetårnet og endar i ein liten kulp ved familiebassenget. Det er ikkje tillete å køyre fleire i lag, aldersgrense 7 år.

Her blir det fart og spenning!

Foto: Visit Hardangerfjord

Treningsbasseng

Du kan symje 25 m i 6 banar. Den grunnaste delen av bassenget er 1,40 m,  den djupaste 3,80 m. Ein kan nytta heis for enkel tilgang til bassenget. Vatnet i treningsbassenget er på 28 grader celsius. Enkeltbanar eller heile bassenget kan leigast på førespurnad.

Foto: Visit Hardangerfjord

Terapi- og opplæringsbasseng

Fleksibelt basseng med ekstra varmt vatn. Egnar seg godt til symjeopplæring for born opp til skulealder, babysymjing og terapibading. Bassenget er 12,5 m langt og har ein botn som kan hevast og senkast. Maksimal djupne er 160 cm. Temperaturen i vatnet ligg på ca. 33 grader celsius. Ein kan koma ned i vatnet med heis.