Nye kurs i januar

Hardangerbadet startar rett på i veke 1 med mange nye kurs.

Kursa, som har varigheit frå fem til åtte veker, vil foregå på tysdagar, onsdagar og torsdagar i januar og februar.

Me held fram med suksessane våre frå i haust. Du kan melda deg på symjeteknikkurs både i crawl og bryst, enten på dagtid eller kveldstid. Onsdagar vil det vera mor & mini-kurs på føremiddagen, medan aquagym er lagt til torsdagar klokka 19. Same tidspunkt er det utetrening med fysioterapeut Natalie Nisamjan.

Klikk her for å sjå oversikt over alle kursa og arrangementa våre.

Foto: Visit Hardangerfjord