Arrangement og kurs

Hardangerbadet har ulike arrangement for alle. Både små og store, for dei som likar å trena i bassenga og for dei som berre vil bada. Fleire arrangement kjem.

Instruktørane våre

Fysioterapeut Natalie Nisamjan

Les meir om fysioterapi og massasje her

Idrettspedagog
Dag Instanes

Les meir om treningsrettleiing her

Fysioterapeut Natalie Nisamjan

Les meir om fysioterapi og massasje her

Idrettspedagog
Dag Instanes

Les meir om treningsrettleiing her

Mor & Mini

Herleg og effektiv trening i terapibasseng for deg og babyen din. Mor og mini er ein gruppetime med avlastande styrketrening for heile kroppen. Fokuset ligg på røyrsle og trening av muskulatur påvirka av svangerskapet. Det passar for deg som nyleg har gjennomgått svangerskap. Anbefalt oppstart er minimum 6 veker etter fødsel.

Ansvarleg: Natalie Nisamjan, fysioterapeut.

Pris: 1600,-, 8 veker.

Oppstart: 16.9.2020

Symjeteknikkurs
Basisteknikk – Brystsymjing

Ynskjer du å ta steget frå å vera ein badar til ein symjar? Hardangerbadet, ved idrettspedagog Dag Instanes, tilbyr kurs med hovudvekt på basis symjeteknikk og -øvingar. Kurset vil gå over 5 økter med max 10 deltakarar.

Dette blir det fyrste kurset i ein serie der ein kan byggje vidare med andre teknikkar og nivå om ein ynskjer det.

Prisar september 2020
45 min            5 økter            750,- medlem / 1000,- ikkje medlem 

Aldersgrense 18 år. Ein må vera symjedyktig for å delta på kurset.

Oppstart kurs dagtid torsdag 17. september kl 10:00
Oppstart kurs kveldstid tysdag 22. september kl 19:00

Introduksjon til treningsrommet

Har du kjøpt, eller vurderer å kjøpe medlemskap i treningsrommet vårt? Treng du litt inspirasjon til å komma igong? Me tilbyr 25 minuttar med gjennomgang av alle apparat og anna utstyr du finn på det flotte treningsrommet vår. Idrettspedagog Dag Instanes guidar deg og syner riktig bruk samt justering og tilpasning på dei ulike apparata.

Ta med deg ein ven og ei venninne, mammo eller barnebarnet, dette er nyttig for alle som vil bruke apparattrening. Nedre aldersgrense på treningsrommet er 13 år.

Du kan melde deg på nettsida vår, gruppa vil ha max 5 personar.
Dag er tilgjengeleg for booking mandagar og torsdagar 08:30 – 14:00

Dersom du ynskjer å ta med klubbdamene, kollegaer, familien eller vennegjengen, ta kontakt for ein samankomst utanom det vanlege. Andre tidspunkt enn oppgitt kan nyttast etter avtale.

Pris september 2020
1 x 25 min        200,-               5 personar pr. gruppe.

Treningsrettleiing

Idrettspedagog Dag Instanes

Dag Instanes er utdanna idrettspedagog ved USN i Telemark 2016. Ein idrettspedagog tilbyr aktivitets- og treningsrettleiing som er tilpassa kundens aktivitetsnivå og målsetjingar.

Det kan vera vanskeleg å komma i gong med fysisk aktivitet, ikkje minst å oppretthalde den. Ved bruk av ein idrettspedagog vil ein saman finne aktivitetar ein trivs med og gir motivasjon for vidare aktivitet. Du får hjelp til å setje deg gode og smarte mål, som vil vera med på å bestemma intensiteten på treningsøktene.

Dette er eit tilbod som passar alle, uansett om det gjeld rehabilitering eller generell trening. Likar du best å vera ute i naturen? Eller set du pris på rutinene eit treningsrom kan gi? Kanskje du treng mindre belastningar og vil nytta bassenget? Alt er mogleg! Kombinasjonen av alle våre fasilitetar kan nyttast for å oppnå best mogleg trivsel i eit aktivt og friskt liv.

Ved oppstart av rettleiing med ein idrettspedagog, startar me med ein kartleggings- og motivasjonssamtale der me blir betre kjend. Mål og meining, forventningar og ynskjer, kanskje atterhald og litt frykt, er tema me tek for oss i lag. Dersom du har plagar eller skadar som tidlegare har skapt treningsvegring, vert desse teke omsyn til i planen me legg ilag.

Timar med treningsrettleiing kan bestillast og kjøpast i nettbutikken. Me ynskjer å ha hovudfokus på å trene heile kroppen og tilbyr difor økter på 55 minutter, der oppvarming og nedtrapping/tøying er inkludert.

Prisar september 2020

Introduksjonstibod: 3 x 55 min     1500,-

1 x 55 min                    620,-
5 x 55 min                    2750,-
10 x 55 min                  5000,-

Dag er tilgjengeleg og open for booking mandag og torsdag fra 09:00-15:30

Aquagym

Aquagym foregår i terapibassenget. Treninga kjem til å ha mest fokus på styrke, iblanda litt uthaldande trening. Treninga passar godt for alle, uansett form. Øvelsane kan lett tilpassast kvar enkelte sitt nivå og dagsform. Timen blir avslutta med tøying og nokre minuttar avspenning.

Det kan vera lurt å ha med drikkeflaske!

Ansvarleg: Dag Instanes, idrettspedagog.

Pris: 1200,-/900,- medlemspris, 6 veker.

Oppstart: 03. Mars kl 19:00