Vinterferie i Hardangerbadet

Vinterferie handlar om kvalitetstid, og kva er vel betre enn eit lite avbrekk med avslapning, bademoro og tid til kvarandre?

I veke 9 er det vinterferie for skuleborna og Hardangerbadet har ferieopningstider kl. 11:00–18:00. Ein må opp av bassenga 30 min før stenging.

Me bles luft i hinderløypa. Oooog, me har kjøpt inn nokre fleire nye kjekke leiker for små og store! Bilete kjem når leikene er montert!

Me håpar at mange vil besøka oss i vinterferien! Her blir det moro uansett vêr!

Ynskjer dykk alle ein god ferie.

Velkomen til oss!