Vil du vera med på NMfesten i Tromsø med HB sin logo på brystet?
Bli med på (u)høgtideleg leik og moro, det er førstemann i mål som gjeld!
Me sponsar dei raskaste, så her er det berre å leggja seg i trening og finpussa teknikken.
Alle frå 16 år og oppover kan delta, kven som er raskast, vil overraska deg. Ta med pappen, tanto, kompisar og russegruppa, me lovar fart, kniving og moro!
Kvalifisering vert fredag 24. februar. Du kan registrere deg frå kl. 17:00, konkurransen startar kl. 18:00.
Det skal konkurrerast i to klassar: kvinner og menn.
Finalen vert arrangert i nydelege Tromsøbadet 15. april 2023.
Les meir om NM her: NM Vannsklie | Badelandene
Sjekk ut Tromsøbadet her: Badeopplevelser – Tromsøbadet (tromsobadet.no)
(Psst! Heiagjengen kan berre gleeede seg til den magiske atmosfæren i Tromsøbadet si velværeavdeling!)
Meld deg på i dag: post@hardangerbadet.no