Velkomen til tropisk sommar i Hardanger!

Kombiner strandturen med ein tur i Hardangerbadet!

Dusj av deg sand og salt, bli varm og mjuk i terapibassenget og øv på symjekunsten med borna i trygge tilhøve.

Lat ungane leika utan gåsehud, slå rekorden ned Vassdraget (4,71 sekund!) og by på deg sjølv medan musklane svir i hinderløypa. Logg ein tusenmeter i treningsbassenget eller hent godkjensla og zen i saunaen.

I Matbeten finn du det du har lyst på av is, kaffi, lesk og nevemat.

Moglegheitene er mange, velkomen til sommar i Hardangerbadet!

Badet er ope frå kl 11:00-18:00 kvar dag frå 01.07 til og med 14.08.

Foto: Visit Hardangerfjord