Treningsrettleiing

Har du kjøpt, eller vurderer å kjøpe medlemskap i treningsrommet vårt? Hardangerbadet tilbyr no treningsrettleiing.

Idrettspedagog Dag Instanes

Dag Instanes er utdanna idrettspedagog ved USN i Telemark 2016. Ein idrettspedagog tilbyr aktivitets- og treningsrettleiing som er tilpassa kundens aktivitetsnivå og målsetjingar.

Det kan vera vanskeleg å komma i gong med fysisk aktivitet, ikkje minst å oppretthalde den. Ved bruk av ein idrettspedagog vil ein saman finne aktivitetar ein trivs med og gir motivasjon for vidare aktivitet. Du får hjelp til å setje deg gode og smarte mål, som vil vera med på å bestemma intensiteten på treningsøktene.

Dette er eit tilbod som passar alle, uansett om det gjeld rehabilitering eller generell trening. Likar du best å vera ute i naturen? Eller set du pris på rutinene eit treningsrom kan gi? Kanskje du treng mindre belastningar og vil nytta bassenget? Alt er mogleg! Kombinasjonen av alle våre fasilitetar kan nyttast for å oppnå best mogleg trivsel i eit aktivt og friskt liv.

Ved oppstart av rettleiing med ein idrettspedagog, startar me med ein kartleggings- og motivasjonssamtale der me blir betre kjend. Mål og meining, forventningar og ynskjer, kanskje atterhald og litt frykt, er tema me tek for oss i lag. Dersom du har plagar eller skadar som tidlegare har skapt treningsvegring, vert desse teke omsyn til i planen me legg ilag.

Timar med treningsrettleiing kan bestillast og kjøpast i nettbutikken. Me ynskjer å ha hovudfokus på å trene heile kroppen og tilbyr difor økter på 55 minutter, der oppvarming og nedtrapping/tøying er inkludert.

Prisar september 2020

Introduksjonstibod: 3 x 55 min     1500,-

1 x 55 min                    620,-
5 x 55 min                    2750,-
10 x 55 min                  5000,-

Alt er mogleg! Kombinasjonen av alle våre fasilitetar kan nyttast for å oppnå best mogleg trivsel i eit aktivt og friskt liv.

Dag Instanes