Ta Badelappen i Hardangerbadet

Badelappen, for 10-12 åringar!

Me ynskjer at alle born skal ha ein aktiv og kjekk kvardag.

Er du trygg på at bornet ditt klarar seg sjølv i Hardangerbadet? No kan ein ta badelappen og kome i badet utan føresette.

Prøva tek utgangspunkt i Utdanningsdirektoratet sin definisjon av dugleik knytt til kompetansekrava for 10-åringar og vert gjennomført i Hardangerbadet under oppsyn av instruktør.

Prøva kan takast på Hardangerbadet tysdag og torsdag ettermiddag og kostar 300,- . Registreringsskjema og meir informasjon får du i resepsjonen.