Hardangerbadet held ope kvar dag i påska frå kl. 11–18.
Hinderløypa vår er ute heile påskeferien. Den legg til rette for leik, meistring og aktivitet saman med heile familien. Me garanterer høgt aktivitetsnivå, latter og god stemning!
For tryggleiken si skuld, vert stupetårnet stengd så lenge løypa ligg i bassenget.
Terapibassenget er ope for alle heile veka.
Djupna vert justert til ulike målgrupper gjennom dagen, så sikt deg inn på riktig tidspunkt som passar til dine ynskjer og behov:
11:00-12:00 90 cm djupt basseng
12:00-16:30 120 cm djupt basseng
16:30-17:30 140 cm djupt basseng
Påskeafta
Påskeharen i Hardangerbadet er ein luring! Han har gøymt mange små påskekyllingar rundt i badet. Klarar du å finna påskekyllingen? Om du finn ein, lovar påskeharen ei lita overrasking.
Ta med deg borna dine og finn kyllingane! Arrangementet varer heile opningstida: 11:00–18:00, laurdag 30.03.
Velkomne til påskekos hjå oss i Hardangerbadet!