I påska vert opningstidene i Hardangerbadet 11:00–20:00, to timar lenger enn vanlegvis i feriar. Du kan fint rekka både ski og bading. Gå ut og nyt ein tur i frisk luft og kom inn til oss for eit herleg bad etterpå.

Treningsrommet held ope 08:00–20:00 heile påska.

Frå onsdag 31. mars får me besøk av to symjeklubbar som skal ha treningsleir hos oss. Det fører med seg at nokre av banane i treningsbassenget vert stengde for publikum i periodar. Deler av bassenget også er utleigd i palmehelga. Sjå kalenderen vår for fleire detaljar.

Treningsrommet er utleigd 10:30–11:30 laurdag og søndag i palmehelga.

Velkomen til ei fin påske i Hardangerbadet!