Kurs i crawlteknikk

Den fyrste runden med symjeteknikkurs er no gjennomført, og det med stor suksess!

Deltakarane har opplevd stor progresjon, har fått mykje betre teknikk og brukar monaleg mindre energi for kvar meter i bassenget. No hiv me oss vidare med neste teknikk, den effektive og kraftanstrengande crawlteknikken.

Det blir to grupper over fem veker, tysdagar kl 19 og onsdagar kl 10. Kurset varar i 45-50 minutt og passar for deg som er symjedyktig og som har lyst til å læra crawl. Det blir tilrettelagt for ulike nivå, så uansett om du er heilt fersk for teknikken, eller vil finpussa gamal lærdom – det passar for alle!

Prisen er 750kr for medlemmer og 1000kr for ikkje medlemmer. Lær noko nytt – meld deg på!

Har du spørsmål, send ein e-post til dag@hardangerbadet.no