Klar for litt fart og morro?

Hardangerbadet arrangerer kvalifisering til NM i vannsklie, laurdag 8. februar kl. 13:00.

NM i vannsklie er eit arrangement i regi av Badelandene. I 2025 er det 11. gong NM i vannsklie vert arrangert. 35 badeland i Norge held kvalifiseringar. I fjor var det 72 deltakere i NM i vannsklie i ADO Arena i Bergen!

I år går turen til Bølgen bad i Drøbak, 26.april.

Vinnarane (raskaste dame og raskaste mann) får dekka 3500kr kvar til reise, overnatting og middag i forbindelse med NM i Bølgen bad. I tillegg vinn ein klippekort til Hardangerbadet! Me har også andre gevinstar på lur til deltakarane 😊

Det vert halv pris(!) på inngangsbilletten til dei som melder seg på i resepsjonen ved inngang.

Me køyrer separate herre- og kvinneheat. Mennene er fyrst ut. Alle får 3 rundar i sklia, der dei tre beste tidene gjev topp tre-plasseringar. 

Ta med ei venninne, ein kompis, alle kollegaene og sjå kven som susar raskast ned sklia vår!

Det er kjempemorro! Spennande! God stemning! Gode gevinstar!

Me håpar på godt oppmøte! Dess fleire dess betre!

Me sjåast i Hardangerbadet, laurdag 8. februar kl. 13:00.

Ps. Det er lurt å møta opp i god tid før test og øving i sklia.

For meir informasjon om NM i vannsklie, regler og anna – klikk her.