Jippi det er torsdag!

Torsdagar er Hardangerbadet ope for publikum 07:00–21:00.

Desse dagane har me særskilt fokus på å legga til rette for dei som har høve til å besøka oss på dagtid.

Nyt morgontreninga før jobb eller finn roen på føremiddagen med vener. Her treff du glade pensjonistar, foreldre i permisjon med smårollingane sine og andre som er heldige å ha ein fridag.

Me serverer koseleg lunsj og roleg og hyggeleg stemning og slår gjerne av ein prat.

Vel møtt på torsdag!

Foto: Visit Hardangerfjord