Velkommen til Hardangerbadet i haustferien – ope kvar dag frå kl. 11:00 til 18:00!
Når regnet pøser ute er det ingen grunn til å sitja inne – ta med heile familien og nyt kvalitetstid i varmt og innbydande badevatn!
Vi har noko for alle:
💦 Terapibasseng – for avslapping og ro
🏋️ Treningsbasseng – for dei som vil halde seg i form
🧗 Klatrevegg og vassklie – for dei som vil ha action
🧖♀️ Badstova – for velvære og varme
🤿 Stupetårn og stupebrett – for dei tøffaste
🍼 Plaskedam – for dei aller minste
Minidisko i terapibassenget måndag til fredag frå kl. 11:00 til 12:00 – moro for dei minste med musikk og dans i vatnet! 🎶🕺
🎬 Badekino søndag 12. oktober!
Bli med på ein heilt spesiell oppleving når vi viser «Ruffen – sjøormen som ikkje kunne symja» i bassenget!
🕓 Innslepp frå kl. 16:00, filmen startar kl. 17:00.
🎟️ Billettar kjøpast via Kvam kino sine nettsider.
Uansett kor mykje det regnar ute, er det alltid sol inne i Hardangerbadet. Ta med badetøyet og skap gode minner i haustferien!

