Hardangerbadet held ope kvar dag i heile haustferien frå kl. 11–18.
Hinderløypa vår ligg ute i bassenget kvar dag heile veka.
Wibit legg til rette for leik, meistring og aktivitet saman med heile familien. Me garanterer høgt aktivitetsnivå, latter og god stemning!
For tryggleiken si skuld, vert stupetårnet stengd så lenge løypa ligg i bassenget.
Terapibassenget er ope for alle heile veka.
Djupna vert justert til ulike målgrupper gjennom dagen, så sikt deg inn på riktig tidspunkt som passar til dine ynskjer og behov:
11:00-12:00 90 cm djupt basseng
12:00-16:30 120 cm djupt basseng
16:30-17:30 140 cm djupt basseng