Haust i Hardangerbadet

Programmet i Hardangerbadet er fullt av spennande tilbod for alle aldrar i haust.

Aquagym fokuserer mest på styrke, iblanda litt uthaldande trening. Om du synes at aquagym høyres kjekt, men litt voldsomt ut, er Lett sveitt tingen for deg. Eit nytt tilbod i haust er Aquarun. Ei effektiv trening utan risiko for overbelastning eller skade.

For dei yngre vil me tilby Trygg i vatn. Dette er eit symjekurs for 1.–4. klasse som skal gjera borna tryggare i vatn gjennom leik og læring.

Åtte fredagar frå oktober til desember vert det Fredagshype for ungdom mellom 13 og 18 år. Bli med å leike, symje, hoppe, stupe, skli, klatre og chille med oss fredagar 18:30–20:30.

Les meir om og meld deg på dei ulike arrangementa her.

Foto: Visit Hardangerfjord