Jula er over, pinnekjøtet er fordøydd og eit nytt år smiler til oss. Mange er ivrige etter å starta opp att både trening, symjing og bading etter ferien.

Sidan sist har det kome nye retningsliner for smittevern. Desse påverkar oss i lita grad. Både badet, treningsrommet, individuell behandling og treningsrettleiing er ope som vanleg. Alle førehandsreglar vert tekne slik at det som alltid er trygt å besøka oss.

På grunn av strengare retningsliner i 14 dagar no, vil oppstartane av alle treningsgruppene verta utsett i to veker.

Vel møtt. Me gler oss til å sjå dykk alle!