I Hardangerbadet kan du leika, ha det moro og trena, eller du kan ta ein kopp kaffi og prata med vener og kjende.
Prisar
Einskildbillett born frå kr 115
Einskildbillett vaksen frå kr 165
Familiebassenget
Her finn du ein plaskekulp med spruteleiker, ein grunn del med aukande djup botn og ein djupare del. I den djupe delen kan ein klatre i ein klatrevegg. På baksida av veggen ligg det ein motstraumskanal. Vatnet i familiebassenget er 29 grader celsius.
Stupetårn og vassklie med fjordutsikt
I den djupaste delen av treningsbassenget finn ein stupetårnet. Her kan du hoppe og stupe frå 1 eller frå 3 meter. Vassklia startar på toppen av stupetårnet og endar i ein liten kulp ved familiebassenget. Det er ikkje tillete å køyre fleire i lag, aldersgrense 7 år.
Her blir det fart og spenning!
Treningsbasseng
Du kan symje 25 m i 6 banar. Den grunnaste delen av bassenget er 1,35 m, den djupaste 3,60 m. Ein kan nytta heis for enkel tilgang til bassenget. Vatnet i treningsbassenget er på 28 grader celsius. Enkeltbanar eller heile bassenget kan leigast på førespurnad.
Terapi- og opplæringsbasseng
Fleksibelt basseng med ekstra varmt vatn. Egnar seg godt til symjeopplæring for born opp til skulealder, babysymjing og terapibading. Bassenget er 12,5 m langt og har ein botn som kan hevast og senkast. Maksimal djupne er 160 cm. Temperaturen i vatnet ligg på ca. 33 grader celsius. Ein kan koma ned i vatnet med heis.