Ein aktiv sommar i Hardangerbadet

Eit skinande reint bad opnar for sommargjestar laurdag 24. juni.

Opningstider er 11:00-18:00 kvar dag til og med 20 august!

Hinderløypa vår ligg ute i heile juli. Dersom du vil hoppe, stupe eller dødse frå 3 meteren, er juni og august din sjanse!

Me har is, lesk og nevemat, Matbeten er open kvar dag. Om den deilige stranda freistar meir enn tropiske bassengtilhøve, kan du alltids ta med noko digg ut i sola!

Gløymt badikken? Tom for solkrem, eller andre ting som gjer sommardagen perfekt? Sving innom badebutikken vår, me har det meste av det du treng for å skape gode sommaropplevingar for deg og dine.

Foto: Visit Hardangerfjord