Lokaler til leige

Selskap – Konferanse – Kontor

På Hardangerbadet kan du leige lokale til både konferansar, møte, selskapsarrangement og kontor – for ein dag, ein periode eller over lengre tid.

KONFERANSE-LOKALE

Der gode møte vert til gode opplevingar

Treng de ein inspirerande stad for kurs, seminar, konferanse eller teambuilding?

Hardangerbadet tilbyr moderne, lyse og romslege lokale med ei fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.

Her får de meir enn berre eit møterom. De kan kombinere fagleg innhald og gode opplevingar i vakre omgjevnader – med overnatting på Hardangerfjord Hotel og tilgang til Hardangerbadet som ein del av opphaldet.

De kan starte dagen med fagleg påfyll, samle gjengen til gode samtalar og avslutte med avslapping i badet. Lokala eignar seg godt til både mindre møte, kurs, seminar, konferansar og sosiale samlingar.

Alt samla på éin stad – fag, fellesskap, overnatting og avslapping.

La oss leggje til rette for eit arrangement der deltakarane både får gjort ein god jobb, blir betre kjende og reiser heim med gode opplevingar frå Hardanger.

Prisar

Leige av sal og kjøken inkludert fri bruk av utstyr (tallerkar, glas, bestikk og anna).

Heil dag: kr 4750,- inkl. mva.
Halv dag: kr 3125,- inkl. mva.

Hardangerbadet kan bistå med rigging og pynt av lokale, samt påsmurt og kaffi om ønskjeleg. Pris vert avtalt etter førespurnad.

For meir informasjon kontakt Natalie Nisamjan på tlf. 467 01 430

 

 

 

SELSKAPSLOKALE

Eit fint lokale for dei viktige stundene

Skal du arrangere dåp, konfirmasjon, bursdag, minnestund eller kanskje eit privat julebord?

Hardangerbadet har lune, romslege og tilrettelagde lokale som kan danne ei flott ramme rundt både små og store anledningar.

Med Hardangerfjorden som nærmaste nabo får du ei nydeleg utsikt og ei heilt eiga atmosfære. Her kan du samle familie, vener eller kollegaer til ein dag eller kveld der det viktigaste står i sentrum – å vere saman.

Enten du skal markere ein stor dag, minnast nokon du er glad i eller berre ønskjer å samle gjengen til eit sosialt lag, ønskjer vi å gjere det enkelt å skape ei fin ramme rundt arrangementet ditt.

Du tek deg av gjestene – me hjelper deg med resten.

Prisar

Leige av sal og kjøken inkludert fri bruk av utstyr (tallerkar, glas, bestikk og anna).

Heil dag: kr 4750,- inkl. mva.
Halv dag: kr 3125,- inkl. mva.

Hardangerbadet kan bistå med rigging og pynt av lokale, samt påsmurt og kaffi om ønskjeleg. Pris vert avtalt etter førespurnad.

For meir informasjon kontakt Natalie Nisamjan på tlf. 467 01 430.

 

KONTOR – KORT- ELLER LANGTIDSUTLEIGE

Eit god stad å ha kontor

Treng du ein arbeidsplass for ein periode – eller ser du etter eit fast kontor?

Hardangerbadet tilbyr lyse og trivelege kontorlokale med ei flott utsikt over Hardangerfjorden. Her får du ein arbeidsplass i inspirerande omgjevnader, med kort veg til både natur, aktivitetar og gode fasilitetar.

Lokala passar godt for deg som treng eit kontor for kortare eller lengre tid – anten du er sjølvstendig næringsdrivande, etablerer ei ny verksemd, har eit prosjekt på gang eller ønskjer ein fast arbeidsplass utanfor heimekontoret.

Her kan du få arbeidsro når du treng det, og samtidig ha tilgang til eit miljø med andre verksemder og menneske rundt deg.

Fleksibel kontorplass – med Hardangerfjorden som utsikt.

Ta kontakt for meir informasjon om ledige lokale og moglegheiter for kort- eller langtidsleige.

For meir informasjon kontakt Martin Vik på tlf. 911 39 166