Ledig stilling: Fagleiar bad

Vil du vere med å skape trygge og gode opplevingar for gjestene ved Hardangerbadet?

 

Me søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst fagleiar bad til ei nyoppretta nøkkelstilling. Som fagleiar vil du vere ein sentral del av den daglege drifta av badeanlegget, samstundes som du får ansvar for opplæring, sikkerheit og fagleg oppfølging av medarbeidarar.

Me ser etter deg som trivst med å arbeide med menneske, har fokus på tryggleik og kvalitet og ønskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og gode gjesteopplevingar.

Stillinga inngår i turnus med dag-, kvelds- og helgevakter. 

👉 Sjå fullstendig stillingsutlysing og søk på stillinga her.