Ungdomshangout kvar fredag i Hardangerbadet

Kvar fredag klokka 18–21 vert det hangout i badet. Fyrste gong vert fredag 4. desember.

Bassenga er opne for alle, men me tilrettelegg for ungdom desse timane med mellom anna musikk, badeleikar, konkurransar og vannpolo. Kanskje vert det ei overrasking i kafeen og?

Velkomen til alle. Me gler oss til å sjå dykk!