Den fyrste runden med symjeteknikkurs er no gjennomført, og det med stor suksess!

Deltakarane har opplevd stor progresjon, har fått mykje betre teknikk og brukar monaleg mindre energi for kvar meter i bassenget. No hiv me oss vidare med neste teknikk, den effektive og kraftanstrengande crawlteknikken.

Det blir to grupper over fem veker, tysdagar kl 19 og onsdagar kl 10. Kurset varar i 45-50 minutt og passar for deg som er symjedyktig og som har lyst til å læra crawl. Det blir tilrettelagt for ulike nivå, så uansett om du er heilt fersk for teknikken, eller vil finpussa gamal lærdom – det passar for alle!

Prisar 2021
45 min            5 økter            750,- medlem / 1000,- ikkje medlem

Aldersgrense 18 år. Ein må vera symjedyktig for å delta på kurset.

Oppstart kurs dagtid onsdag 6. januar kl 10:00
Oppstart kurs kveldstid tysdag 5. januar kl 19:00