Vert med i årets Svøm langt-kampanje og du kan vinna eit reisegåvekort på kr 25.000.
Årets Svøm langt-kampanje går frå 1. januar til 31. mars. Målet med kampanjen er å skapa gode mosjonsvanar i befolkninga og motivera til å nytta svømmehallen som arena for fysisk aktivitet.
Registrer deg på svomlangt.no, logg svømmeturane dine og du kan vera ein heldig vinnar av mange fine premiar der hovudpremien er eit reisegåvekort.