Hardangerbadet opnar igjen og du kan starta året med å vinna ein tur til Mallorca.
Badet opnar med ordinære opningstider kl 15 i ettermiddag fredag 14. januar.
Årets Svøm langt-kampanje går frå 1. januar til 31. mars. Målet med kampanjen er å skapa gode mosjonsvanar i befolkninga og motivera til å nytta svømmehallen som arena for fysisk aktivitet.
Registrer deg på svomlangt.no, logg svømmeturane dine og du kan vera ein heldig vinnar av mange fine premiar der hovudpremien er ein tur til Mallorca.