Hardangerbadet har ope heile vinterferien.

I veke 9, 24. februar–1. mars, er det vinterferie. Vêrmeldingane denne veka ser heller dårlege ut. Men ikkje fortvil: kom og nyt livet i Hardangerbadet. Det er betre å verta våt her inne enn klissblaut ute. Her får du varme, fysisk aktivitet, leik, velvære og eit godt måltid.

Me har åpent kl. 10–18 kvar dag! Velkommen!

Sjå kalenderen vår for meir detaljar om kva som skjer i Hardangerbadet.