15. desember opnar Hardangerbadet med stor fest!

Me inviterer alle – absolutt alle – til orientering, omvising, underhaldning og mat og drikke for å feira opninga. Fyrste publikumsdagen i bassenga vert 2. juledag, så opningsdagen kan badetøyet få lov å vera igjen heime.

Velkomen til deg som kjem til å få gåvekort i badet til jul. Velkomen til deg som skal kjøpa medlemskap i både badet og treningsrommet. Velkomen til deg som berre er nyfiken, og velkomen til deg som likar gratis kake.

Me lovar god underhalding, ei oppleving for livet og premiar til dei beste lokale bidraga. Me gler oss!

Arrangementet varer frå kl 14–16.

 

 

 

 

Hardangerbadet

Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese

post@hardangerbadet.no

Tlf: 922 16 013