Massasje og fysioterapi

Hardangerbadet tilbyr no både massasje og fysioterapi.

Fysioterapeut Natalie Nisamjan

Fysioterapeutar behandlar og forebyggjer skader og sjukdommar som gjer smerte eller nedsatt funksjon i muskel – og skjelettsystemet. Behandlinga som vert gitt er basert på ei grundig undersøking, vurdering av dine problem og kva du sjølv ynskjer hjelp til. Målet med behandlinga er at du kan utvikla, gjenvinna eller halda ved like fysisk og psykisk funksjonsevne, samt utnytta eigne ressursar til å bidra aktivt i eiga helse. Du treng ikkje henvisning frå lege for å bestille behandling hjå fysioterapeut.

Natalie er utdanna fysioterapeut ved NTNU i Trondheim, 2017.
Som fysioterapeut vil ho tilby undersøkelse og behandling på benk og i treningsrom, tilrettelagt trening og utarbeiding av individuelt treningsprogram, massasje, rehabilitering og opptrening etter akutte skader, belastningsrelaterte og kroniske lidelser, samt etter ortopediske operasjoner.

I tillegg til fysioterapiutdanninga har Natalie kurs i følgande:

  • Trening for gravide, del I og II (Femme as)
  • Grunnkurs i idrettsfysioterapi og idrettsskader ved Trondheim
  • Idrettsklinikk/Olympiatoppen
  • Massasjekurs

 

    Ho er tilgjengeleg på Hardangerbadet frisk og aktiv tirsdager og onsdager f.o.m 2. juni,  frå kl. 10.00 – 16.00. Dersom du ynskjer time til behandling eller massasje kan du booke dette her på nettsida. Ved spørsmål ta kontakt på mail: natalie@hardangerbadet.no

    Eg er opptatt av at menneske skal få leva eit liv i ein kropp med minst mogleg smerte, og med best mogleg fysisk funksjon ut frå føresetnadene

    Natalie Nisamjan

    Massasje

    Massasje er ei behandlingsform der ein stimulerar og bearbeid hud, underhudsvev og muskulatur. Hensikten med massasje er å løsne opp i anspent og øm muskulatur, auke blodsirkulasjonen og fjerne avfallsstoff, samt redusere smerte og virke avspennande. Massasje kan brukast både som førebyggjande behandling, som akutt behandling, og som avspenning.

    På Hardangerbadet vil vår fysioterapeut tilby klassisk massasje, idrett-/sportsmassasje, nakke- og ryggmassasje og massasje for gravide (frå og med andre trimester). For meir informasjon om dei ulike massasjene, sjå nedanfor.

    Massasje kan benyttes ved følgande tilstandar:

    • Smerter av kjent årsak
    • Stress
    • Mental og fysisk utmattelse
    • Smerte i skuldre, nakke og rygg
    • Stivhetsfølelse i musklar og ledd
    • Muskelspasmer og kramper
    • Sårhet i muskulatur grunna overanstrengelse
    • Nedsatt sirkulasjon
    • Hovudverk
    • Søvnlaushet
    • Behov for restitusjon
    • Som eit avbrekk i kvardagen for å fylla opp med energi

    Massasje kan ha fleire gode effektar på kroppen, mellom anna:

    • Auka blodsirkulasjon
    • Auka lymfesirkulasjon
    • Auka utskillelse av avfallsstoff
    • Bedring av ømme muskler
    • Smertereduksjon
    • Avspenning ved at det stimulerer hormonsystemet

    Når kan ein ikkje få massasje:

    • I fyrste trimester ved graviditet
    • Ved akutte betennelsestilstander
    • Ved smerter av ukjent årsak

     

    Klassisk massasje

    Klassisk massasje er den mest kjente massasjeteknikken i Vesten. Massasjen vert utført ved ulike teknikkar som stryking, knaing, gnidning, banking og vibrasjon. De ulike teknikkane fungerar ulikt på vevet som vert behandla. Klassisk massasje er djuptgåande terapeutisk massasje som losnar opp i muskelspenningar, samtidig som den gir ein følelse av velvære. Denne type massasje tar for seg spesielt stive og ømme musklar. Ein kan også nytte denne type massasje som behandling ved blautvevsskadar.

    Idrettssmassasje

    Idrettsmassasje er djupare og meir energisk enn klassisk massasje. Denne typen massasje har ein hensikt som er meir fokusert og målretta, både med hensyn til kva område av kroppen som vert behandla, samt kva målet med behandlinga er. Idrettsmassasje er egna for idrettsutøvere og menneske som driv med tungt, fysisk arbeid. Massasjen kan enten vera rehabiliterande eller forberedande. Den rehabiliterande massasjen hjelp til med å rehabilitera musklar etter trening, langvarig fysisk arbeid eller skade. Den forberedande, intensive og djupe idrettsmassasjen stimulerar og forberedar musklane til trening og konkurranse.

    Sidan dette er ein grundig massasje der musklar, muskelfester og bindevev masseres, auker blodsirkulasjonen i desse områda. Dette bidrar til at restitusjonstida vert betra og muskelplager repareres raskare. Når blodsirkulasjonen auker kan blodet lettare frakta viktige byggjeklossar som elastin og kollagen, slik at kroppen enklere kan reparere seg selv. Då får du kortare restitusjonstid, og ømme/såre områder bedres raskere.

    Rygg – og nakkemassasje

    Djup og avslappende massasje med fokus på nakke – og ryggmuskulatur. Ei passande behandling for deg som arbeider på kontor, kjører mykje bil, har eit fysisk tungt yrke eller for deg som slit med hovudverk. Behandlinga er også kortare enn full kroppsmassasje, og er dermed eit godt val i ein travel kvardag. Behandlinga kan kjøpast enten som 30 min eller 45 min.

    Massasje for gravide

    Dette er ein behagelig og beroligande massasje for friske gravide frå 2.trimester og utover. Massasjen vert tilpassa individuelt og tar hensyn til de ynskjene den gravide har.

    Den gravide ligg på sida med god støtte under magen eller ved ein behagelig framoverlent stilling, slik at du verkeleg får moglegheita til å slappa av. Behandlinga har ekstra fokus på kroppsområder som vert påverka av svangerskapet, derav nakke, korsrygg, bein og føtter. Behandlinga er fin som eit avbrekk for seg sjølv eller som ei gåve til den gravide kjæresten eller venninna.