Mange nye kurs i Hardangerbadet

Vert med oss på kurs og få meir utbytte av både badet og treningsrommet.

Me har no lagt ut tre nye kurs: Symjeteknikkurs, Introduksjon til treningsrommet og Treningsrettleiing. Tidlegare har me lansert Mor & mini-kurset.

Symjeteknikkurset legg vekt på basis symjeteknikk og -øvingar og tek deg frå å vera ein badar til å verta ein symjar.

Introduksjon til treningsrommet er for deg som har kjøpt eller vurderer å kjøpa medlemskap i treningsrommet vårt og som treng litt hjelp og rettleiing for å kom i gong. Idrettspedagog Dag Instanes guidar deg og syner riktig bruk samt justering og tilpasning på dei ulike apparata.

Treningsrettleiing er eit tilbod som passar alle, uansett om det gjeld rehabilitering eller generell trening. Kombinasjonen av alle fasilitetane våre kan nyttast for å oppnå best mogleg trivsel i eit aktivt og friskt liv.

Les meir om kursa og aktivitetane våre og meld deg på dei her.