På nyåret har me mange spennande og nyttige kurs på gang. Her vil det vera nytting lærdom å henta for absolutt alle aldersgrupper.
Oppstartsdato og link til påmelding kjem snart. Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på kva som høver for deg.
Kurs for born:
- Babysymjing (3–24 mnd)
- Småbornssymjing (2–4 år)
- Vasstilvenning (4–10 år)
- Symjekurs for born (8–15 år)
Kursa vert delte i grupper tilpassa alder og nivå. Ta kontakt med oss om du er usikker på kva kurs som høver for ditt barn.
Kurs for vaksne:
- Symjekurs for vaksne – for deg som er trygg i vatn og vil verta symjedyktig.
- Vasstilvenning for vaksne –for deg som er utrygg i vatn eller aldri har lært å symje.
- Symjeteknikkurs crawl – skikkeleg god trening!
- Symjeteknikkurs bryst – vanskelegare enn ein trur!
- Symjeteknikkurs for vidarekomne – for deg som har teknikken inne og vil bli skikkeleg god!
Treningsgrupper
- Aquagym
- Lett Sveitt
Treningsgruppene våre i terapibassenget vil fortsetje i 2022, kvar onsdag til same tidspunkt som i haust. Du kan booke plass frå januar til juni, eller velje kursforløp før/etter påske.