Kjære alle bade- og treningsglade!

Tusen takk for all støtte og positive tilbakemeldingar til Hardangerbadet gjennom denne vanskelege tida! Heldigvis kan me informera om at me no ser eit lite lys i tunellen.

15. juni har myndigheitene ein intensjon om å opna norske badeanlegg og treningssenter for publikum. Vilkåra er at smitten er under kontroll og at myndigheitene gjev oss ei endeleg slutning.

Hardangerbadet skal gjera alt i si makt for å vera klare til 15. juni. Me skal ordna alt klart i badet, garderobar og treningsrom, og me vil legga til rette med dei tiltaka som skal til for å gjera gjestene våre trygge med tanke på smittevern.

For å sikra at me får opna oppfordrar me alle til framleis å delta i den nasjonale dugnaden for å halda kontroll på smitten.

Me gler oss stort til me igjen kan opna dørene!