Kafeen opnar igjen

Onsdag 3. juni vert det nok ein gong høve til å ta seg ein kopp kaffi eller noko å bita i i kafeen til Hardangerbadet.

Me feirar gjenopninga med ein gratis kaffikopp og noko søtt til kvar kunde. Kom og vert med oss! Me legg godt til rette for at det skal vera mogleg å halda 1 meter avstand og å følga smittevernreglane som gjeld for kafédrift.

Fram til me får lov å opna badet vil kaféen vera open tysdagar, onsdagar, laurdagar og søndagar klokka 11:00–15:00.