Eit år er gått sidan dørene vart opna og bassenga fylde av glade og entusiastiske kvemmingar. Heldigvis visste me lite om korleis fyrsteåret skulle sjå ut, men starten vart ein stor suksess! Me er rørde og takksame for all støtte, gode ord og lojalitet me har fått oppleva gjennom det turbulente koronaåret 2020. Me hadde berre tenkt å helda stengt ein einaste dag denne våren, men 17. mai vart omringa av 93 andre stille dagar på Hardangerbadet.
Trass handsprit og einmeteren ville kvemmingane framleis bruka oss som leikeplass, møteplass og arena for samver og aktivitet. Då ferien kom med monsun og utanbygdsgjester, fekk me prøva oss på auka smittevern, kø, køangst og nok handsprit. Sjølv om det vart mange færre gjester i badet, verka det motsett. Køen slyngde seg over parkeringsplassen, temperaturen var høg og olbogane kvasse. «No kan feriefolket få prøva badet vårt, me kan komma att til hausten». Slike meldingar frå stamgjestar, i ei utfordrande og travel tid, gav oss varme hjarter og klump i halsen. Takk!
Den fine hausten, i kombinasjon med ny smittebølgje, gav gjestane våre i overkant god plass i bassenget. Med varsame vitjingstal er det klart at kroner er blitt snudde og innsparingstiltak er iverksett hjå oss som hjå andre. Likevel, det er i motbakke det går oppover! I haust har me satsa og fått fart på fysioterapeuttenester, treningsrettleiing og kurstilbodet vårt. Framtida er farga av glede og optimisme. Me ser fram til jul og feiring av 1-årsdag 26. desember. Nyttårsforsetta får ingen områdingstid, me køyrer i gang nye kurs allereie første veka i 2021. Dei mest populære er allereie fullbooka, så dette lover bra!
Vår misjon er å betre folkehelsa, både psykisk og fysisk. Uansett form, om du er ung eller gamal, frisk eller med knirk i kroppen, om du har god tid eller hastar innom, om du kjem aleine eller i flokk, om du vil ha liv og action, eller ro og stillheit; Hardangerbadet er kome for å bli. Lag din eigen timeplan, der tilhøva er tilrettelagt for det du ynskjer, yting eller nyting, det er ditt val. Det er ditt bad.