I romjula er det eitt år sidan Hardangerbadet opna

Hardangerbadet feirar eittårsdag 26. desember. Leiarduoen i Hardangerbadet, Gunn Hilde Øymo og Anita Storemark, fortel at dagen vert feira med ballongar, bollar og badeglede. Samstundes oppmodar dei oss alle til å ta ein pause i julestria:

– Nullstill hjernen med ei treningsøkt, finn zenkjensla i terapibassenget, sveitt og lyg litt i badstova. Du vil treffa nye og gamle vener. Invester i eiga helse og gje deg sjølv ei adventsgåve.

Covid-19 viruset overlever ikkje i klorvatn, og det er romsleg i badet. Leiarane slår fast at badet er ein trygg stad å vera, og at det er god plass til fleire. Dei kan og freista med at du kan bada gratis resten av 2020 dersom du teiknar medlemsskap for 2021 no.

Til lukke med dagen 26. desember til Hardangerbadet!

Tekst og annonse er henta frå næringslagsmagasinet Kvam – glad handel som kom ut i veke 48.