2. juni opnar massasje- og fysioterapiavdelinga til Hardangerbadet.

Me jobbar med å få opna heile badet. Fyrste steg er på plass no når fysioterapeut Natalie Nisamjan tilbyr massasje og fysioterapi. Les meir om det ho tilbyr her.

Natalie er tilgjengeleg på Hardangerbadet frisk og aktiv tysdagar og onsdagar f.o.m 2. juni,  kl. 10.00–16.00. Dersom du ynskjer time til behandling eller massasje kan du booke dette her på nettsida.

Meir informasjon om resten av tilboda våre kjem snart. Følg med.