Me søker no ekstravakter til stillingar som badevert og teknisk personell hausten 2020

Hardangerbadet treng fleire engasjerte og fleksible medarbeidarar i staben. Er du 18 år eller eldre og har kapasitet til å jobba kveldar, helger og feriar?

Du må væra trygg over og under vatn, og fungere godt i eit team. Har du i tillegg evnene til å møta alle kundar med eit smil og god service, så er du den rette for oss.

Teknisk avdeling treng ekstra hjelp. Difor er teknisk erfaring og kunnskap ein fordel. Moglegheit for 50% stilling på teknisk avdeling.

Arbeidsoppgåver:

  • Reinhald
  • Ivareta tryggleiken i badet
  • Resepsjon, butikk
  • Kafé
  • Ved teknisk bakgrunn: oppfølging og vedlikehald av teknisk utstyr.

Du vil gå gjennom eit opplæringsprogram for alle rollane.

Send søknad med CV og vedlegg til gunn.hilde@hardangerbadet.no

Søknadsfrist: 31.07.2020

Ta gjerne kontakt med Gunn Hilde Øymo tlf. 922 16 013 viss det er noko du lurar på.