Hardangerbadet opnar igjen!

Endeleg er dagen komen. Måndag 15. juni klokka 11:00 opnar me dørene til både bading, trening, butikk og kafe.

Nye opningstider for bad og treningsrom er 11:00–18:00 alle dagar. Kafeen sine opningstider er 11:30–18:30 sju dagar i veka.

Det kjem til å verta ein del endringar nå du no kjem til badet. Me har satt opp ein del nye skilt og alle dei tilsette i Hardangerbadet kan veileda deg om du lurar på noko.

Me må alle halda fram dugnaden mot Covid-19 og Hardangerbadet har difor innført ein del nye reglar:

  • Det skal leggjast til rette for mest mogleg sal på nett for å redusera møter over disk. Løysninga for inngangsbillettar vert klar i løpet av helga!
  • Alle gjester skal desinfisera hender før dei kjem i resepsjonen og går i garderobane/kafeen/treningsrom.
  • Alle badande må vaska kropp og hår med såpe utan badetøy både før og etter badet.
  • Det vert lagt til rette for minimum 1 meter avstand med merking/skilting og stengte skap og dusjar.
  • Ved plutselege symptom på luftvegsinfeksjon må person/personar forlata lokalet umiddelbart.
  • Alle badande skal oppbevare alle personlege eigedelar i skapet sitt. Ingen skal ha med seg personlege eigedelar inn i badet.
  • Under dusjing skal handkle m.m. ligga i plastpose i dei runde hyllene. Før inngang til bassenga skal alle eigedelar låsast inn i skap.
  • Alle gjester i kafeen skal sprita/vaska hender før dei kjem inn i lokalet.
  • Alle gjester desinfiserer alle overflater ein har teke på før ein forlet lokalet.
  • Ein kan ikkje nytta Hardangerbadet sine leiker og svømmeutstyr.
  • Gjengløymte ting samlast opp i plastposar og vert kasta ved stenging.
  • Badetida er maks 2 timar frå ein går inn til ein går ut vendekorset.

Me gler oss til å sjå deg!