Hallgeir satsar 120.000 av eiga lomme på nytt badeanlegg i heimbygda

ØYSTESE (NRK): I desember skal Hardangerbadet til 300 millionar kroner stå ferdig. Taxisjåfør Hallgeir Torpe har lova å betale 12.000 kroner i ti år dersom prosjektet går med underskot.

Rett ved Hardangerfjorden, på tomta til det gamle hotellet i Øystese, har eit splitter nytt og digert bygg reist seg.

Hardangerbadet har heilt sidan starten vore eit omdiskutert prosjekt, både økonomisk og innhaldsmessig. Kvemmingane har vore skeptiske, men òg begeistra.

I fjor blei prosjektet redda då milliardæren Trond Mohn gjekk inn med eit større beløp som sikra fullfinansiering. Også kommunen måtte spytte inn 4,5 millionar kroner meir enn planlagt.

Anlegget med ein prislapp på 300 millionar kroner rommar både helsepark, badebasseng, hotell og visningssenter for lakseoppdrett.

Les resten av artikkelen på nrk.no

Foto: Tale Hause / NRK. Artikkelen.

Heile artikkelen er frå nrk.no