GYMLAPPEN
Vi ynskjer at ungdomen i Kvam skal få trene på gymmen hjå oss frå dei fyller 13 år. Det er viktig å ha eit sunt og trygt forhold til trening, og tilbyr difor ungdom i aldersgruppa 13-15 år eit obligatorisk treningskurs, Gymlappen.
Kurset kostar 1545 kr, går over 3 gongar (3 x 1 time) og må fullførast før ein startar å trene på eigenhand. Du kan delbetala med fritidskortet. Alle deltakarar får 1 månad tilgang til treningsrommet inkludert i prisen.
Kurset blir leia av treningspedagog som gir ungdomen ein god introduksjon til trening på treningssenter. Det vert fokus på alt frå trivselsreglar, kosthald og haldningar, til teknikk, treningsmetodar og program. Alle får sitt eige treningsprogram i etterkant av kurset. Det er viktig for oss at ungdomane og foreldra skal kjenne seg trygge, så føresette vert invitert til delar av kursforløpet.
For spørsmål send ein e-post til post@hardangerbadet.no
For påmelding https://hardangerbadet.goactivebooking.com/


Booking
Neste kurs starter 7.april. Påmelding finn du i Hardangerbadet sin nettbutikk.
