Er du vår nye kollega?

Me treng å styrkja teamet vårt med deg som elskar kundemøtet!

  • Du har ansvaret for resepsjon, kafé og badebutikk.
  • Du må ha kremmarteft og ha kjennskap til litt administrativt arbeid.
  • Du må kunne bruke sosiale media og ha eit hjarte for aktivitet og folkehelse.
  • Du må kunne jobba systematisk og strukturert.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege (ny)norskkunnskapar.
  • Du må trivast med å setje gjestane først!
  • Du må vera over 18 år og kunne gjennomføre livredningsprøva.

Stillinga er ledig omgåande, stillingsprosent er om lag 50%. Kvalifiksjonar innan trening, samt personlege eigenskapar, kan opne opp for større stilling. Arbeidstid er dagtid og litt kveldstid, arbeidstid blir tilpassa opningstid og arbeidsoppgåver.

Send ein søknad på epost til anita@hardangerbadet.no

Kort søknadsfrist: 21.11.2021

Foto: Visit Hardangerfjord