Du treng ikkje bruka såpe i dusjen etter å ha bada

Trudde du at du måtte vaska deg med såpe etter å ha vore i symjehallen? Det stemmer ikkje.

Det viktigaste er at du vaskar deg med såpe før du badar. Etterpå er det nok å skylja seg med reint vatn for å unngå tørr og irritert hud.

Om alle vaskar godt av seg alle spor av sveitte, sminke og andre potensielle ureiningar før ein badar, vil vatnet i bassenga halda seg reinare og ein treng mindre klor for å desinfisera det. Det kan opplevast meir behageleg å symja i eit basseng utan for mykje klor.

Kjelder/tekst: badelandene.no/aStory

Foto: Visit Hardangerfjord