Det er snart haustferie

Ferieveka vil opningstidene vera litt annleis enn normalt.

Hardangerbadet vil ha ope som i helgene, kl 11:00–18:00, alle dagar. Det vert ingen kurs denne veka.

Onsdag 7. oktober kl 21:00–23:30 vert det ungdomsdisco i badet. Påmelding gjennom Ung fritid.

Frå fredag 2. til fredag 9. oktober leiger me ut basseng til Øyane svømmeklubb. Dei har treningstid kl 09:00–11:00 og kl 18:00–20:00 kvar dag. Altså utanom opningstidene til publikum. Unntaket er fredag 2. oktober kl 18:00–20:00 då heile treningsbassenget vil vera utleigd i den vanlege opningstida.

Tilboda med behandling og treningsrettleiing held fram som normalt sjølv om det er ferie og opningstidene i treningsrommet vil vera uendra.