Bassengtrening i Hardangerbadet

Finn ditt nivå: same pris, same forløp, større valfridom!

Alle treningstilboda våre har same pris, varar like lenge, men har ulik intensitet. Me tilbyr tre ulike nivå.

Aquagym

Aquagym foregår i terapibassenget. Treninga kjem til å ha mest fokus på styrke, iblanda litt uthaldande trening.

Treninga passar godt for alle, uansett form. Øvelsane kan lett tilpassast kvar enkelte sitt nivå og dagsform. Timen blir avslutta med tøying og nokre minuttar avspenning.

Lett sveitt – aquagym for nybegynnarar

Om du synes at Aquagym høyres kjekt, men litt voldsomt ut, er dette gruppetimen for deg! Sjølv om me skrur ned intensiteten litt, får du trent heile kroppen og auka uthaldenheten din. Perfekt time for deg som treng rehabiliterande trening, eller som vil komma igong med meir aktivitet.

TerapiTrening

Ei treningsgruppe for deg som ynskjer ei skånsam trening i varmt vatn. Treninga passar perfekt for deg som tidlegare har gått på organisert rehabiliteringstrening, og ynskjer å fortsetje. Treninga har fokus på mobilitet, røyrsle og lindring. Øvingane vert tilpassa ulike fysiske utfordringar. Gruppene vert inndelte etter høgde, slik at alle får så optimale tilhøve som mogleg.

Haust 2022

Aquagym

  • Høg intensitet
  • Onsdagar kl. 07:30
  • Onsdagar kl. 08:30

Lett sveitt

  • Lett intensitet
  • Onsdagar 13:00-14:00

TerapiTrening

  • Rehabilitering
  • Tysdagar kl. 14:00 passar for 160-170 cm
  • Tysdagar kl. 15:00. passar for 170-180 cm

Prisar hausten 2022

Alle treningstilboda vert satt opp to gonger i halvåret og går over åtte veker kvar gong.

Medlem og klippekort: 1 100,-
Full haust (16 veker): 2 000,-
Drop-in medlem og klippekort: 150,-
Drop-in ordinær: 200,-
12 klypp (ikkje medlem), 12 mnd varighet: 1 800,-

Vår 2023

Aquagym

  • Høg intensitet
  • Onsdagar

Lett sveitt

  • Lett intensitet
  • Onsdagar

TerapiTrening

  • Rehabilitering
  • Tysdagar og torsdagar

Prisar våren 2023

Alle treningstilboda vert satt opp to gonger i halvåret og går over ti veker kvar gong.

Medlem og klippekort: 1 375,-
Full vår (20 veker): 2 475,-
Drop-in medlem og klippekort: 150,-
Drop-in ordinær: 200,-
12 klypp (ikkje medlem), 12 mnd varighet: 1 800,-

Foto: Visit Hardangerfjord
Foto: Visit Hardangerfjord

Booking 

dag@hardangerbadet.no

Oppstart i veka etter haustferien, send e-post for påmelding.