Badebursdag i Hardangerbadet!

Is, slush og bading – verdas kjekkaste bursdagsfeiring!

Me dekkar festbord i kafeen og får mat i magen før badinga. Det vert ispause inne i badet.

Du kan booke badebursdag alle vekedagar. Pris kr. 200,- pr barn, minimum 8 deltakarar (minste alder 6 år). Prisen inkluderer bading, mat, drikke, is, borddekking og servering samt ei gåve til bursdagsbarnet. Årskort og klippekort kan ikkje nyttast ved badebursdagar.

Meny

Du kan velje mellom to menyar (alle må velje den same)

Menyalternativ 1

  • Pizza (tomatsaus og ost, med skinke eller pepperoni)
  • Slush/brus/Kuli
  • Is

Menyalternativ 2

  • Hotdog
  • Slush/brus/Kuli
  • Is

Vanlege badereglar gjeld. Me minnar om at det må vera ein badande vaksen over 18 år per 3 born under 12 år.

Dei obligatoriske vaksne i bursdagsfølgjet får gratis inngang.

Booking 

post@hardangerbadet.no

Gi beskjed på førehand om allergiar eller særskilte behov.