Fredag 16. april får me endeleg opna igjen.

Etter alt for lang tid utan folk, gler me oss no til å sjå igjen glade badande gjester!

Kom og svøm nokre lengder i treningsbassenget eller slapp av i terapibassenget eller badstova. Ta med ungane og kos dykk i familiebassenget. Eller berre stikk innom og ta ein kopp kaffi i kafeen. Me står klare til å ta imot dykk.

Også treningsrommet opnar for drop-in igjen etter ei stund med kun høve for medlemmer til å nytta rommet.

Sjå opningstidene våre her.